SØNDAGENS
 TEKST
Andaktssiden
Kirkeåret
Tekstleseren
 DAGENS
 BIBELORD
Bibelordet
HOVEDSIDER
Kirkekontoret
Arrangement
Livets gang

Størst av alt

Hus
Andre
Gjestebok
Startsiden
 

 

 

 

Såmannssøndagen (II)

 

Tekst: Markus 4, 26-32

Er bønder nærmare himmelen
enn anna folk?

"Tull og tøys", seier du." Det er ingen som grev så mykje i jorda og er så jordiske som bønder." Men det er eit faktum at i Bibelen står det ofte om at Jesus bruker bilde og forteljingar frå natur og jordbruk for å illustrere Guds rike.

På søndag får vi høre om frøet med stor spirekraft i seg og det vesle sennepsfrøet som kan vekse til eit stort tre.

"Det er berre fordi Jesus levde i eit jordbrukssamfunn" seier du. "Hadde Jesus gått imellom oss i dag ville han ha sagt: Guds rike er som eit dataprogram: Det som kjem ut er avhengig av kva du har lagt inn."

Eg trur ikkje at Jesus ville ha brukt andre bilde og samanlikningar om han hadde gått imellom oss i dag.

Livet er eit mysterium.

Guds rike er liv, og det er eit mysterium korleis livet blir til og veks. Det er eit mysterium at livet i naturen gror og veks. Ein bonde kan arbeide på åkeren, men oppleve det som eit mysterium at kornet veks.

"Av seg sjølv gjev jorda grøde: først strå, så aks, og til slutt mogne korn i akset". Slik er det med Guds rike, seier Jesus. Ein treng ikkje vere bonde for å undre seg over underet i naturen med blomsterfrøet som veks opp eller såkornet som blir til fulle aks.

Trua og håpet skal gro.

Ei slik livskraft er det i Guds ord. Det blir ikkje frukt utan at frøet blir lagt i jord. Det er du og eg som er åkerlandet for Gudsordets såkorn.

Guds ord vil at trua og håpet skal gro og spire i livet vårt.

God helg!

Birger Foseide, Prost i Orkdal

 

kollektbønnen

Himmelske Far, vi takker deg fordi du i nåde har sådd ditt ord her hos oss. Gi oss din Hellige Ånd, så vi hører ditt ord rett, gjemmer det i gode hjerter og bærer frukt av det til din ære, ved din Sønn Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Hellige Ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet.

www.orkdalsmenighetene.no

Redaktør, design og layout:
Sokneprest Pål Ove Lilleberg  
Mail