Tekst: Johs. 12,1-13.
Påskeselskap med Jesus.
Det er mange som skal vere i lag med vennene sine i
påska. På Palmesøndag får vi høre at Jesus lada opp til påskehelga
i Jerusalem ved å vere i lag med vennene sine i Betania. Dei tre
søskena: Marta, Maria og Lasarus var Jesu nære venner som hadde mykje
å takke Jesus for. Dei hadde fått fornying i livet sitt ved å lytte
til Jesu ord. Og Lasarus hadde vore død og var lagt i grav, men Jesus
vekte han opp til nytt liv.No ville dei ære Jesus med eit selskap.
Maria slo ut det lange håret sitt og salva Jesu føter. Kva kunne vere
bedre etter ei lang vandring med sandalar i sand og støv enn å få
salva føtene sine?
Ei årslønn for Jesus!
Men det var ikkje billig olivenolje som vart brukt.
Salva som Maria salva føtene til Jesus med var verdt 300 denarar -
omtrent ei årslønn for ein vanleg arbeidar den tida. Kvifor spanderte
Maris ei årslønn på Jesus? Ho sløser ikkje tid og verdifull salve
på Jesus med ein baktanke om at han skal gje ho noko i gjengjeld. Nei,
Maria har site ved Jesu føter før. Ho sat og lydde på orda hans. Ho
hadde valt den gode delen. Ho hadde møtt Jesus som sin beste venn og
Frelsar. Maria hadde sett at Jesus vekte broren Lasarus til live på
nytt. Ho ville gje uttrykk for takk og ære og heider. Søstera Marta
takka Jesus ved å ordne i stand til fest og måltid. Andre brukte
kanskje mange og store ord for å takke og opphøgje Jesus på den
måten. Maris set seg ved Jesu føter og salvar han. Det er to kvinner
som blir halde fram for oss i denne forteljinga som forbilde på korleis
vi menneske kan takke og ære Jesus med livet vårt. Palmegreinene som
folket vifta med på Palmesøndag når Jesus reid inn i Jerusalem var
ikkje så dyre. Men dei var uttrykk for det same: Jesus er all ære
verdt. Folket song og ropa hyllingsrop for Jesus på Palmesøndag. Maria
viser oss at det også finst andre måtar å hylle Jesus på.
Den stille veka.
Frå gammalt av har veka mellom Palmesøndag og
Påskedag vore kalla Den stille veka. Maria kan lære oss litt om å
vere hos Jesus i stille tilbeding og undring. Kristen livsholdning er
ikkje berre ord, aktivitetar og møtegang og liturgiar. Maria kan lære
oss at det går an å hylle og tilbe Jesus som konge utan å bruke ord.
Birger Foseide
Prost i Orkdal prosti.
|

kollektbønnen
Herre Jesus Kristus, du ble lydig til
døden, ja døden på korset, og fikk det navn som er over alle navn. Vi
ber deg: Gi oss ved troen del i den frelse du brakte ved din lidelse og
død, så vi kan følge deg etter i ydmykhet og lydighet og bekjenne deg
som vår frelser og konge, du som med Faderen og Den Hellige Ånd lever
og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet.
|