SØNDAGENS
 TEKST
Andaktssiden
Kirkeåret
Tekstleseren
 DAGENS
 BIBELORD
Bibelordet
HOVEDSIDER
Kirkekontoret
Arrangement
Livets gang

Størst av alt

Hus
Andre
Gjestebok
Startsiden
 

 

 

 

langfredag og påskedag

 

 

Ikke redd for å døy, nei!

«Det er ikke det at jeg er redd for å dø, jeg har bare ikke lyst til å være der når det skjer». Sitat Woody Allen. Ikkje lyst til å vera der når det skjer?! Nei, kven har vel det. I møte med døden er ingen av oss tøffe.

Så er det best å gjera som den godeste Woody: Innrømme at me ikkje direkte har lyst til å vera til stades i vår eigen død. Kven har vel det?!

Jesus som er til stades i vår død - er ikkje det påske? Han er tenaren som gjev livet sitt til løysepenge for mange. Han er den som blir krona. Fyrst går det i hosianna-rop mellom palmegreiner. Ikkje mange dagane etter er det tornekrone og rop om å korsfeste. Så høyrest ropet frå korset i bekmørkret midt på dagen: Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?

Høyrer me ropet frå ein frelsar som er til stades i vår død? Høyrer me ordet om at det er fullbrakt sagt så tydeleg til oss at me kjenner at "Jau så sanneleg, dette angår meg"?

Nokon har funne på å kalle alt som skjer i den stille veka for Påske-dramaet. Uttrykket er velbrukt, kan hende ein klisjè, men like fullt: Påska er drama. Me anar at det er stor dramatikk, og det er så me kan tru det: Dette
påske-dramaet handlar ikkje berre om Frelsaren, men òg om alle han døydde og lever for. Påske-dramaet er Jesu liding og død og oppstandelse for meg. Ikkje mindre enn meir enn me kan forstå.

Like fullt: Når Jesus døyr for meg, er han til stades i min død. Han er der når det skjer, han som er herren over dødens makt.

Den stille veka er intens i alle sine skiftingar mellom palmehelg og påskedag. I kyrkjene er det mykje å hente desse heilage dagane. Tidvis får me det gjennom liturgien og musikken, salmane og preika, - og ikkje minst gjennom evangelietekstane som talar for seg sjølv. Om ikkje evangeliet talar for oss og til oss. Velkommen til den kyrkja du allereie høyrer til i!

Lene Gåsvatn
Prestevikar i Orkdal

 

 

 

 

www.orkdalsmenighetene.no

Redaktør, design og layout:
Sokneprest Pål Ove Lilleberg  
Mail