SØNDAGENS
 TEKST
Andaktssiden
Kirkeåret
Tekstleseren
 DAGENS
 BIBELORD
Bibelordet
HOVEDSIDER
Kirkekontoret
Arrangement
Livets gang

Størst av alt

Hus
Andre
Gjestebok
Startsiden
 

 

 

 

6. søn. etter påske (II)

 

Tekst: Ef. 4,1-6

Legg vinn på å vera  eitt i Anden , i den fred som bind saman:  Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla,  ein Herre, ei tru, ein dåp, ein Gud og  Far for alle, han som er over alle , gjennom alle og i alle.

Ein Gud og Far for alle.

På søndag skal det understrekast kva alle kristne har felles.. Det er flott at det er ein søndag der dette er ei hovudsak. For det er mange som kallar seg kristne, men dei kan ikkje samlast i same rommet. Dei trur på den same Gud, men dei kan ikkje samlast og be saman til denne Gud og synge om han.

I Efesarbrevets 4. kapittel som søndagsteksta er henta frå, så blir det understreka at det viktigaste er felles for alle kristne. Har dei ikkje dette felles, så er dei ikkje kristne: »èin Herre, èi tru, èin dåp, èin Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle».

Guds familie.

Det finst berre èi kyrkje som er skapt av den same Ånd. Det er èin felles Herre og vi har den same trua. Det er èin Gud som er Far for alle.

Søsken er forskjellige. Søsken kan slåss og vere ueinige. Likevel hører dei til same familien og har same foreldre. Det er mykje som bind saman folk i same familie. Du vel ikkje sjølv om du vil vere med i ein familie eller ikkje. Du vel ikkje søsken. Du blir fødd inn i ein familie. Du blir døypt inn i Guds familie, og alle døypte som trur på Jesus er dine søsken.

Håpet er himmelen.

Det er sårt når søsken ikkje kan samlast i same rommet og halde måltid saman.
Det er sårt at ikkje alle kristne kan samlast til same gudstenesta og feire nattverd saman. For vi vil jo til same himmelen.

Måtte vi fokusere meir på den trua som vi har felles. La oss drive slektsforsking for å finne ut at alle som bekjenner trua på Jesus hører til den same familien! Gud er vår Far og Han er »over alle, gjennom alle og i alle.»

Birger Foseide
Prost i Orkdal prosti.

 

 

kollektbønnen

Herre Gud, himmelske Far, du har ved din Hellige Ånd kalt oss til å vitne om din Sønn Jesus Kristus. Da verden ikke kan tåle dette vitnesbyrd, men alltid står det imot, ber vi om kraft til å være tro mot dette kall, også under kors og trengsel, ved din Sønn, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Hellige Ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet. Pinseaften Herre Jesus Kristus, du har lovet å utruste din kirke med kraft fra det høye. Vi ber deg: Fyll oss med din Hellige Ånd, så vi kan få ny styrke, tjene deg med glede og være kilder med levende vann i verden, du som med Faderen og Den Hellige Ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet.

www.orkdalsmenighetene.no

Redaktør, design og layout:
Sokneprest Pål Ove Lilleberg  
Mail