SØNDAGENS
 TEKST
Andaktssiden
Kirkeåret
Tekstleseren
 DAGENS
 BIBELORD
Bibelordet
HOVEDSIDER
Kirkekontoret
Arrangement
Livets gang

Størst av alt

Hus
Andre
Gjestebok
Startsiden
 

 

 

 

3. søndag etter kristi åpenbaringsdag (II)

 

Tekst: joh. 4,27-42

Løft blikket

Løft augo! seier Jesus. Ja, tenk om vi kunne løfte blikket vi som ofte ser oss blind på dei nære tinga. Kvardagen er så stressa og masete, tidsklemma pressar oss meir og meir, Vi senkar blikket og kjenner på at vi ikkje strekk til. Tenk å få løfte blikket – kan Jesus hjelpe oss til det?

Det er januar og tid for årsrekneskap og årsmeldingar. Tenk om vi kunne få hjelp til å løfte blikket og sjå framover med håp og tru!

Og i våre kristelege samanhengar er det så mangt som kallar på vår innsats. Det er styre og råd og komitear med store haugar med sakspapir. Eg hugsar eg skulle ha opningsandakt på eit slikt møte der folk sat og såg ned i bunken med sakspapir og vanskelege vedtak som skulle gjerast. Eg fekk lese Jesu ord om å løfte blikket og sjå korleis åkrane gulnar mot hausten.

Tenk om Jesus kunne lære oss denne søndagen å løfte blikket opp frå dei vanskelege sakene og sjå framover og oppover, slik at vi vågar å reise oss opp, sjå våre medmenneske i augo, og sjå lyset og muligheitene og håpet. Gud har ei framtidsplan for sitt rike.

Teksta fortel om ei kvinne som møtte Jesus ved brønnen i Sykar midt på dagen. Det skulle ikkje vere folk der på denne tida. Jesus forstod at ho kom dit midt på dagen for å unngå å treffe dei andre” kvinnene ved vannposten” som brukte å samlast der om morgonen. Ho hadde sine grunnar.Denne kvinna opplevde seg sjølv som ein tapar og vart fordømt av dei andre i landsbyen. Ho hadde hatt 5 menn og den mannen ho no hadde var ikkje hennar mann. Livet hadde fare hardt med denne kvinna.

Men Jesus såg muligheitene. Denne kvinna kunne bli ein misjonær. Og ganske riktig, det skjedde noko der ved brønnen denne dagen. Jesus kom i samtale med eit menneske som fekk ein nystart i livet sitt. Det skjedde ei forandring. Denne kvinna fekk løfta blikket og skjemdest ikkje lenger over livet sitt, men let vasskrukka si stå og sprang tilbake til landsbyen sin og fortalde om denne mannen som hadde visst alt om livet hennar, men som likevel aksepterte ho og ba henne om vatn. Ho gjekk ut frå landbyen sin som ein skamfull tapar. Ho kom tilbake som ei oppreist kvinne – forvandla. Kvinna var avslørt og gjennomskua, men hadde møtt Jesus som tilga og aksepterte ho. Ho var avslørt, men likevel elska. Derfor kunne ho løfte blikket og gå sine sambygdingar i møte , sjå dei i augo, og fortelje dei kvar frelsa var å finne.

Ho begynte ikkje å vitne om Jesus fordi ho hadde eit nytt og bedre liv å vise til. Men Jesus hadde reist ho opp, og det hadde gjort denne kvinna til eit nytt menneske som våga å møte sambygdingane sine.

Jesus vil røre ved oss også, slik at han får sett oss i bevegelse mot våre medmenneske.

Men eg er ingen verdig representant for Jesus, seier du kanskje. ”Livet mitt er dårleg reklame for kristendommen.” Men Jesus kunne bruke denne kvinna. Han såg muligheitene. Det var mange som kom til tru på grunn av at ho fortalde om sitt forhold til Jesus.
Den kristne kyrkja veks fordi folk vitnar om si tru og formidlar ein kjennskap til Jesus som ein som tilgir og reiser folk opp. Det var ikkje ein ny prest, eller berømt predikant som skapte nytt liv og røre i Sykar, men ei kvinne som hadde møtt aksept hos Jesus og som formidla dette møtet til dei andre.

Det blir liv og rørsle i våre menigheiter når folk får møte Jesus. Vi kan invitere til gudstenester og bibelgrupper. Mange plassar blir det no arrangert Alpha-kurs der folk får snakke med andre om si tru i smågrupper. Så skjer det også i våre menigheiter at det er nokon som kjem til tru. Da løfter vi blikket og gleder oss.

Orkdal menighet har eit misjonsprosjekt på Madagaskar. Guri og Terje Bjørkås frå Orkdal arbeider i Morondava på jordbruksskulen Tsarafototra. Mor til Terje, Edith Bjørkås, har sjølv vore misjonær i mange år på Madagaskar. Du Edith, kva var det som gjorde at du reiste til Madagaskar som misjonær?

Edith Bjørkås........

Da du var på Madagaskar desse åra: Møtte du nokon gassiske kvinner som vart misjonærar i sin landsby slik som denne kvinna vi les om i bibelteksta?

Edith Bjørkås........

Det er gjennom misjonsarbeidet at mange av oss har fått augo opp for at vi har eit ansvar for alle folkeslag på jorda vår. Og det er misjonsarbeidet som har skapt glede hos oss over at vi står i eit verdensvidt fellesskap av kristne over heile jorda.  Det er denne visjonen som skaper misjon.

Det skjer ting , det blir action, når Jesus får sett oss i bevegelse. Vår mat skal vere å gjere Guds vilje, seier Jesus til oss i dag. Det er dette som skal mette oss og tilfredsstille oss. Vi skal få vere Guds medarbeidarar og vere med på innhausting.

La oss sjå muligheitene. La oss løfte blikket og sjå åkrane modnast til hausten.

Oppløft ditt syn du kristensjel det dugger over dal og fjell det våres alle vegne- slik skreiv salmediktaren Landstad det i ein gammal misjonssalme. Vi veit i dag at det er store kristne forsamlingar i mange land på grunn av misjonens arbeid, men den tida Landstad skreiv denne salmen så skreiv han det fordi han hadde fått melding om at èin sør-afrikanar hadde vorte døypt etter at den første norske misjonæren Hans Paludan Smith Schreuder hadde arbeidd som misjonær i Sør-Afrika i 14 år! Landstad såg muligheitene. Han løfta blikket: Oppløft ditt syn du kristensjel – det våres alle vegne.

Ære vere Fadern, og Sonen og Den heilage Ande. Som var, er og vere skal ein sann Guud frå æve og til æve. Amen

Birger Foseide

 

kollektbønnen

Allmektige, evige Gud, vi ber deg at du nådig vil se til vår svakhet, og rekke ut din veldige hånd til å verge oss mot den onde fiende, ved din Sønn, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Hellige Ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet.

www.orkdalsmenighetene.no

Redaktør, design og layout:
Sokneprest Pål Ove Lilleberg  
Mail