Tekst: Sefanja 3. 14-18
Gud skapar ljos og forventning
Ti lukke med dagen!
Kyrkja fyller år. 1.søndag i advent er kyrkja si
markering av at vi startar eit nytt år. Og vi startar året med å sjå
framover. Medan trestammene står svarte, og himmelen er stormfull med
regntunge skyer, ser vi framover mot ein ny vår.
Slik er det også i kyrkja. Og teksten i dag oppfordrar
til lovsong. "Bryt ut i jubel, Sions dotter, Israel, rop med fryd!" Kva
er det som kallar på lovsong midt i vintermørke og tider med krig, vold
og terror? Oppfordringa til lovsong og jubel kan vel då bli slitsom. Det
krev store ressursar til å mobilisere glede og jubel, takk og lovsong!
Og likevel, på denne kyrkja sin nyttårsdag er det jubelen og
forventningen som står i fokus. Fordi Gud gjev oss grunn til lovsong.
Han har installert ein fundamental gledesgrunn i oss. Han kjærleik og
omsorg synleggjort i Jesus Kristus gjev oss ein grunn til å lyfta opp
blikket. Lovsong og takk blir då ikkje ein prestasjon, men ei gåve. Vi
er eit folk på vandring.
Då eg gjekk på lærarhøgskulen, hadde eg ein kald
vintermånad praksis i ein 2.klasse. Elevane var kledde etter veret. Ei
lita jente var svært funksjonshemma og måtte ha korsett og skinner på
føtene, og tok seg ellers fram på krykker. Gløgg var ho, men kroppen var
veik. Med mykje slit klarte ho å fylgje dei andre elevane, men også når
ho skulle skrive, gjorde spasmene sitt til at teikning og skriving vart
eit underleg strev. Ein dag såg eg at ho arbeidde hardt med å skrive
minne til venninna si. Ho teikna, og så skreiv ho fylgjande tekst: "Å
vente på en glede, er også en glede!" Eg vart både tankefull og rørt.
Der såg eg på dei andre som boltra seg i snøen og rente opp og ned. Kva
glede og forventning var det som fylte denne vesle jenta som hadde så
mange hindringar i tilværet? Ho måtte henta denne gleda andre stader inn
i muskulaturen.
Når Gud fyller oss med forventning, så er det eit
skapingsunder. Han skapar noko nytt! Skapar glede, og fyller oss innafrå.
Ikkje fordi verda er så venleg og vakker alltid. Ikkje fordi eg har
lukkast med livet. Nei, mykje av livet mitt vekkjer Guds vreide. Men han
er ein som tilgir og som skapar nytt og som skapar glede innafrå. Han
malar Kristus i mitt sinn. Eit fundament av forventning og framtidstru!
Derfor er det glede i desember, i vintermørke. Mitt i kvardagslivet mitt
skapar han ljos og forventning. God advent!
Lars Birger Aadland
Kapellan i Hemne prestegjeld.
|

kollektbønnen
Allmektige Gud, vi lover og priser deg
fordi du har satt din Sønn, Jesus Kristus, til konge over oss og igjen
lar oss begynne et nådens år i din kirke. Gi oss din Hellige Ånd, så vi
kjenner ham når han i dag kommer i en tjeners skikkelse, og han kan
kjenne oss når han engang kommer i herlighet, han som i enhet med deg og
Den Hellige Ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet.
|