|
18. SØN. ETTER PINSE (i) |
|
|||||||||||||||||
Tekst: Mark 2,18-28Fritt og godt liv.No på søndag blir det sendt gudsteneste frå Orkdal kirke på NRK- TV igjen. Det er ungdomskoret Join Us som syng .Dei syng friske, glade songar om å fortelje det glade budskapet frå Gud til alle menneske i dag. Dei syng om at Gud vil velsigne deg. Men er ikkje kristendom eit mørkt budskap om ein streng Gud og eit liv etter mange reglar og påbud da? Det vart iallfall ikkje oppfatta slik da Jesus kom til jorda. Engelen sa til gjetarane utafor Betlehem: "Eg kjem med bud til dykk om ei stor glede!" Og da Jesus vart vaksen var det meir fest og glede omkring han enn det vi prestar og forkynnarar ofte har makt til å få fram, trur eg. Vi har til og med gamle bilde av Jesus der han smiler! Farisearane hadde gjort gudslivet til eit spørmål om å leve etter strenge reglar. Det var 39 typar aktivitetar som var oppramsa som du ikkje hadde lov til å halde på med på sabbaten. Men Jesus let læresveinane sine gå gjennom ein kornåker og kose seg med å ete modne kornaks på ein sabbat. Jesus vil fortelje at gudslivet sprenger menneskelege grenser. Det dreier seg om å elske Gud og elske vår neste – og dette lærer vi når vi lever livet vårt nær Jesus og blir skikkeleg kjent med han. Ein kristen er ikkje fri til å gjere kva som helst. Ingen kan lese Bibelen slik. Men ein som lever livet sitt nær Jesus, vil lære seg å elske Gud og nesten sin.. Da vil Jesus lære oss den gode vegen til eit fritt og godt liv. I dag er det ikkje religiøse påbud og forbud som hindrar folk i å leve det gode livet. Men du kan tenke over kva slags lover som bind deg og bestemmer over deg. Det er mange reglar og mange andre menneske som bestemmer over deg. Du tenker ikkje fritt eller lever ikkje fritt. Du må leve som dei andre. Du har så mykje i di fortid som bestemmer over livet ditt i dag. Jesus vil at du skal legge frå deg det som bind deg frå fortida di. Legg det frå deg i bønn om tilgjeving. Så er du fri til å møte menneska på nytt. Når du lever eit liv i Guds tilgjeving over alle fall og nederlag, da er du fri. Da gjer du ikkje gode gjerningar fordi du skal følgje reglar, men fordi du har møtt ein Gud som er berre god. Du får reise deg etter fall og nederlag, og du får sjå at det er menneske som har bruk for deg. Den gode Gud fører deg inn i det gode livet. Gled deg over det gode livet saman med Orkdal menighet og ungdomskoret Join Us på TV- gudstenesta på søndag formiddag! Birger Foseide
|
kollektbønnenHellige Far, vi takker deg fordi du har satt Jesus Kristus til Herre over oss og samler oss som dine frie barn i tilbedelse og takk. Vi ber deg: Hjelp oss, så vi ikke blir avhengige av menneskers meninger og bud og tenker mer på å tekkes dem enn å tjene deg. Gjør oss til glade tjenere for deg og vår neste, ved din Sønn, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Hellige Ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet. |
||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||