|
15. søn. etter pinse (ii) |
|
|||||||||||||||||
Tekst: Ef 5,15-20Syng salmarDet er ei oppfordring til å synge salmar i teksta vår på søndag: ” Bli fylt av Anden, og lat salmar lyde mellom dykk. Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn!” Den dagen eg skriv dette er det St. Augustins dag. Kyrkjefaderen Augustin skriv i sine Confessiones: ”I Milano har dei kristne begynt å søke trøst og åndeleg styrke i salmesong. I songen skaper dei truande eit styrkande fellesskap med hjarte og stemme" Men det vel først og fremst Martin Luther som er salmesongens far. Martin Luther hadde ein plan – slik skriv han i eit brev: Min plan er å få istand salmar på morsmålet for folket, for at Guds ord også ved hjelp av song kan grunnfestast blant folk” Og i dei lutherske kyrkjene har evangeliet vorte songe inn i folkesjela. Salmeboka var i hundrevis av år meir utbreidd enn Bibelboka her i landet. Og folket lærte sin bibelske kristendom og sette ord på sine åndelege tankar ved å synge salmar. Kvar kyrkje skulle ha ei salmebok. Ho var lenka fast til klokkarstolen, og klokkaren skulle stå i midtgangen og synge slik at folket skulle lære salmane av han. Vi ser korleis eldre folk i dag på institusjonar og i sjukeseng. glade legg salmeboka bort og syng det dei har lært: Med Jesus vil eg fara, Velt alle dine veie, Himmelske Fader, Skriv deg, Jesus, på mitt hjerte. Gjennom salmesongen har mange fått sette ord på sine åndelege erfaringar. Og gjennom salmesongen har folk fått sette ord på sin takk til Gud. På søndag må vi få synge salmar som ein takk til Gud. Vi har så mykje å takke for i Norge. Velstand og rikdom og prakt på så mange område. God helsetilstand for folk flest. Men det er utfordrande å synge ein takk til Gud for at vi har det så godt. Kanskje Gud vil minne oss om alt det han har gjort for oss . Det er ikkje vår forteneste at vi har det så godt i oljelandet Norge. Men Gud vil nok også spørre oss om vi vil dele med andre av det vi har fått. Takken til Gud for det gode livet han har gitt oss, må forplikte oss til å hjelpe andre slik at dei får det godt og. Takken til Gud for alle velgjerningar han har gjort må få oss til å tenke på sei som ikkje har så mykje i takke for. Birger Foseide
|
kollektbønnenEvige Gud, du som har makt til å reise opp syke og gi oss svake mennesker ny kraft og styrke, vi ber deg: La din Hellige Ånd stadig minne oss om dine velgjerninger, så vi alltid takker deg for dine gaver og lover og priser ditt navn, ved din Sønn, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Hellige Ånd lever og råder, én sann Gud fra evighet og til evighet. |
||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||