|
Om ekteskap og samliv |
|
|||||||||||||||||||
OM EKTESKAPSDIALOG OG FØLELSARAv Birger og Vigdis FoseideVigdis:Det er mogleg vi er for gamle til å snakke om ekteskap og følelser, men det kan da vere greitt å høre på folk med erfaring også ein gong i blant! I jobben vår har vi begge vore borti familiar som har vore i store vanskar - eg som sosionom og Birger som prest. Kjærleiken kjem ikkje rekande på ei fjøl og gjer heile livet til ein dans på roser. Det må arbeidast med eit samliv for at det skal komme noko godt ut av det. Og det er min påstand at det finst ikkje noko ekteskap som er så godt at det ikkje kan bli bedre.
Birger:Derfor trur eg at det må bli meir akseptert at ein snakkar om dei vanskelege sidene ved dette å leve saman som mann og kone. Det er ikkje problemfritt for nokon. Og det er ingen skam å søkje råd og hjelp. Vigdis:Vi kom i kontakt med ein internasjonal organisasjon som heiter Ekteskapsdialog eller Marriage Encounter. Dei har eit budskap og eit opplegg som er til hjelp for alle som vil få meir ut av samlivet sitt. Eit hovudbudskap er dialog mellom ektefellene. Kommunikasjon er eit hovudord. Og det er viktig å snakke saman om følelsar.
Birger:Før vi snakkar om følelsar, så skal vi ta med eit par setningar om ekteskapet som vi fekk med oss frå Marriage Encounter: Gud skaper aldri skrap. Du skal sjå på deg sjølv og ektefellen din som ein verdifull skapning, Du er verdifull fordi du er skapt av Gud. Din ektefelle er Guds gave til deg. Prøv å leve med ektefellen din under dette synspunktet: Ho/ han er en gave til deg. Det er ikkje noko du har krav på eller gjort deg fortent til. Din ektefelle er noko du har fått og som er gitt deg som ein gave. Du veit kva du skal gjere med ein gave: Du skal ta imot han og takke for han og ta vare på han og stelle pent med han. Du skal vere takknemleg fordi du har fått ektemaken din som gave. Vigdis:Kjærlighet er et valg. Det er et viktig ord om kjærlighet. Du bestemmer deg for å ville elske den du har utvalgt. Når du har satsa livet ditt på eit ekteskap, da har du gjort eit val. Alle valg vi gjer i livet vårt har konsekvensar for oss. Slik også med valg av ektefelle og ekteskap. Vi har bestemt oss for noko, og det vil vi gjennomføre: Eg har valt å elske han eg er gift med.
Forelskelse, skuffelse og glede. Dette er vekslingar i dei fleste ekteskap. Somme gonger kan det skifte fort, andre gonger kan vi bli verande i same fasen over lengre tid. Når vi er skuffa over forholdet vårt, kan vi gjere eit konkret val. Vi kan velje kjærleik. Vi kan velje å vise kjærleik og velje å ta imot kjærleik. Kjærleik er et valg. Vi kan velje å sette av tid saman, tid til å gjere noko triveleg saman. Vi kan med andre ord velje kvarandre - velje oss! Når vi gjer eit slikt val, da beveger vi oss i retning glede- fasen. Dersom vi har vore i skuffelsen lenge, kan vegen vere lang fram til glede- stadiet - men starten er viktig. Godt begynt er halvt fullendt. Du kan velje å bry deg om korleis den andre har det: å vere open og lytte. Å lytte er det same som å seie: Eg elskar deg! Ikkje slik som Andy Cap og Flo!
Birger:Da skal vi begynne å snakke om følelsar. Definisjon. Korleis har du det i dag? Velkjent spørsmål. Ofte svarar vi berre bra! men har ein flau smak i munnen etterpå., fordi vi visste at det ikkje var sant. Og vi føler på lengten: lengten etter eit menneske som kunne lytte til mine følelsar. Som eg kunne ha snakka med om akkurat det eg følte der og da. Vigdis:Vi kommuniserer med ord og handlingar, dei kan tolkast og bli forstått - men følelsane er vanskelege å forstå. Fordi vi ikkje forstår dei sjølv eingong. Likevel er det følelsar som bestemmer vår kommunikasjon. Derfor er det så viktig å få kontakt med sine følelsar. Sette ord på følelsar. Få dei opp i dagen. Vi blandar tankar og følelsar. Når vi seier: Eg føler at… da kjem vi med ei meiningsytring. Tanke er noko vi trur og tenker. Følelsar er ein spontan reaksjon. Viss ordet AT kjem etter ordet føler, da er det som regel ein tanke, og ikkje ei følelse. Viss eg seier: Eg føler at du er urettferdig, så uttrykker eg ikkje nokon følelse men ei bedømming eller kritikk av den andre. Ei slik bedømmming kan oppfattast som kritikk, og det er lett å begynne å forsvare seg. Viss eg derimor seier: Eg føler meg tung og trist, så fortel eg kva eg føler. Følelsane våre fortel korleis vi har det. Birger:Når vi deler følelsane våre med andre, så deler vi noko av vårt innerste. Eg gir meg sjølv som ein gave til deg. Når du deler dine følelsar med meg, så gir du meg noko av det dyrebare som du kan gje meg: Deg sjølv. Ubehagelege og vanskelege følelsar er like viktige som de behagelige, men dei kan vere vanskelegare å dele. Men da må vi ta sjansen og vise tillit. Vi må ta sjansen på at ektefellen tar imot og aksepterer våre følelsar: Når det skjer, opplever vi nærhet. Derfor er det viktig at vi arbeider med å akseptere og ta imot følelsane til kvarandre, og prøver å oppleve korleis det kjennes å vere den andre. Vigdis:Å akseptere følelsar er ein veg til nærhet. Når du aksepterer følelsane mine uten å bedømme dem, føler eg at eg er nær deg. Å avvise følelsane mine er å stenge meg ute. Eg kan tole at tankane mine og meiningane mine blir kritisert, men det er annleis med følelsane mine. Dei er rett og slett meg. Når eg deler følelsane med deg, lærer du meg å kjenne slik som eg verkeleg er. Å akseptere betyr ikkje nødvendigvis å vere einig, men det betyr rett og slett å akseptere meg slik eg er. Fordi vi har behov for å bli elska og akseptert ønsker vi at nokon hører på oss. Uansett kva vi har å seie, så ønsker vi å bli lytta til. Eg føler meg viktig og spesiell når du lyttar til meg utan å anklage eller dømme det eg deler med deg. Ved å lytte får vi ein djupare respekt for kvarandre , ei oppleving av å høre saman, av å vere nær kvarandre. Å avvise følelsar er å avvise den personen som har følelsane. Eigentleg skal ein ikkje trenge å forsvare følelsar. Følelsar er verken rette eller gale, dei berre er. Birger:Eg hadde store problem med å godta dette slagordet. Men etter grubling, har eg godtatt sanninga i det. Følelsar kan influere på oppførselen vår, og oppførselen vår kan vere rett eller gal. Oppførselen kan vi legge ein moralsk målestokk på. Men ikkje på følelsane. F.eks. viss eg blir sint, så er ikkje det alltid synd. Det kan til og med vere sunt å bli sint. Men det er lett å synde når ein blir sint. Og å gje uttrykk for sinne ved å slå nokon er gale, eller å bruke sårande ord i sinne, det er synd. Når vi er trygge på at vi ikje blir anklaga eller dømt for det vi føler, blir det lettare å dele følelsane med kvarandre . Dette er det første streget mot eit nært og tillitsfullt forhold.
|
|||||||||||||||||||||
|