|
|
nyheter |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
kristne i alle land1. desember 2010 Visjonen frå EdinburghFor 100 år sia var 1200 kristne leiarar samla i Edinburgh i Skottland. I hovudsak menn frå Vesten. Dei sette eit optimistisk mål for kyrkja sitt arbeid framover: Evangeliet til heile verda i dette slektleddet! I 2010 – 100 år etterpå – er det tilsvarande møte fleire stader i verda. Eg var med på tre dagars misjonsmøte i Oslo i september. Vi stilte spørsmålet: Vart målet frå 1910-møtet oppnådd? JA! Visjonen frå Edinburgh-møtet kan seiast å ha vorte verkeleggjort i siste hundreåret. Det er i dag kristne forsamlingar på alle kontinent og i dei fleste land. Men vi kristne i verda har store utfordringar i dag også: I Vesten er kristendommen i tilbakegang. Dei kristne i Afrika ser på Vesten som misjonsmark! Også fordi det er så mange innvandrarar frå andre kulturar som har slått seg ned i Vesten. Vi ser også i dag at dei fattige kristne er hovudaktørar i internasjonalt misjonsarbeid. I dag reiser ikkje misjonærar berre frå Nord til Sør. Misjon er bevegelse på kryss og tvers frå alle kontinent: from everywhere to everywhere. Madagaskar sender misjonærar til India. Den lutherske kyrkja i Hong Kong sendte nyleg 130 ungdommar til Thailand og Kambodsja. Afrikanske land sender misjonærar til Frankrike. Utfordringa frå Sør:På det store misjonsmøtet i Oslo var det kristne leiarar frå Asia og Afrika som kom med utfordringar til dei kristne i Norge. Den norske kyrkja er for bunden av staten, vart det hevda med stor kraft. Det er altfor komfortabelt å lite på staten. Det ligg mykje kraft i dei norske kristne som kan bli frigjort viss det blir eit lausare forhold mellom kyrkja og staten. Statskyrkja er ”ein sovande kjempe” som kan frigjerast til ein åndeleg kjempe, trudde kyrkjeleiarane frå Sør. Dessutan hevda dei at norske kristne har god kunnskap, men lite erfaring. Vi har for lite erfaring med å leve som lys og salt i samfunnet. Det er mykje styrke å hente i personleg erfaring av Guds makt i sitt liv. Det er viktig å få erfaringar med Guds nærvær i livet. Slike Gudserfaringar skal ikkje føre til isolasjon, men til fellesskap. Rikdom og åndeleg liv.Vi fekk også eit sukk frå biskopen frå Hong Kong: Rikdom og åndeleg liv har alltid vore eit ulykkeleg ekteskap. Han frykta utviklinga i Kina når dei kristne kinesarane no held på å bli rike! Vil veksten stoppe? Gå, døyp og lær!No står det ikkje lenger i Bibelen at vi skal gå ut og gjere alle folkeslag til disiplar. Det står berre: Gå! Som kristen kyrkje skal vi alltid vere i bevegelse med evangeliet i ord og gjerning frå menneske til menneske. Vi skal dele med andre det vi har fått av Gud. Da gjeld det ikkje berre å gå ut over landegrensene, men også å gå inn til eit medmenneske i nabolaget.
|
Bilde fra Edinburgh-konferansen i 1910
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||