STARTSIDEN

Startsiden

 KIRKEKONTORET

Kirkekontoret
Staben
Fellesrådet
Gjestebok

 ARRANGEMENT

Gudstjenester

Det skjer

I menighetene

 LIVETS GANG

Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd

Slekters gang

Statistikk

 STØRST AV ALT

Prosjektet

Barnesang

Babymassasje

 HUS

Kirkene

Menighetshus

 ANDRE SIDER

Kirkevalget

Menighetsblad

Andakten

Nyhetsarkiv
Pilegrimsleia
Samlivssidene
Orkdal prosti
Syng med
Linker

 

 

 

 

personlig

En takknemlig misjonær,
tross alt

8. februar 2007

I Stokkhaugen bedehus på misjonsfesten i november heldt tidlegare NMS-misjonær Gunn-Åse Stenset ein tale med temaet: Kall, velsigning og takk! Vi som hørte på hadde ei sterk oppleving. Ut frå det Gunn-Åse har opplevd i livet var det nemleg ikkje så sjølvsagt at akkurat ho skulle seie det ho sa.

Vi besøkte henne ein dag på Klemmetsmoen ved Follo. Ho har budd her sia 2001. Da kom ho tilbake til Norge etter 12 år på Madagaskar. Ho var på poliklinikk på aust-kysten og seinare i Morondava som styrar på spedalsksjukehuset Bekoaka som ligg 14 km frå Tsarafototra – jodbruksskolen der Terje og Guri Bjørkås var. Siste åra på Madagaskar var Gunn-Åse prosjektsekretær for alle uhjelpsprosjekt i den gassisk-lutherske kyrkja (FLM). Da var kontoret i hovudstaden Tananarive og ein gassisk medarbeidar tok over etter henne. Det er jo slik vi vil det skal vere. Og det har gått bra.

Etter ein månads tid i arbeid på Orkdal sjukehus i 2000, fekk Gunn-Åse kreftdiagnose. I dag er ho ikkje i arbeid lenger. Inga behandling har kunna stoppe krefta frå å utvikle seg.

Kallet

Korleis møtte du kallet til å bli misjonær?
Foreldra mine var aktive i misjonen på Ørlandet og stilane mine på folkeskulen hadde ofte lagt hendingane i forteljinga til Afrika! Kallet vart klart for meg på Fredly, men da var plana mi å bli lege. Etter 3-4 som sjukepleiar i Bærum kom tida da eg måtte gjere noko konkret med misjonærkallet. Eg var på reise i Israel og var i Kapernaum ved Gennesaretssjøen. Da hørte eg ein stemme: ”Du Gunn-Åse skal til Afrika, du!”

Ja, det måtte vere eit profetisk budskap i dei rette omgivelsane! Men var det slik du forventa det å komme til Afrika som misjonær?
Ja, langt på veg. Eg fekk hjelpe folk og fekk bruke utdanninga mi. Eg var ikkje direkte med i evangelisering, men heldt andaktar og snakka med medarbeidarar og pasientar og fekk oppleve å lære folk å kjenne som seinare vart døypt og bekjente kristen tru. Men vi var svært bevisst på ikkje å gjere forskjel på kristne og ikkje-kristne pasientar. Alle fekk møte kjærleik og omsorg.

Vi kan ikkje forkynne for folk med tom mage. Omsorg og evangelisering må gå hand i hand. Eg såg utstøytte spedalske komme til klinikken og etter ei tid med hjelp og kjærleg omsorg blomstra dei opp. Det var flott å sjå denne forandringa gong på gong.

Korleis var det å komme til eit norsk sjukehus etterpå?
Det var som å komme til ei ny tid. På Madagaskar brukte vi utslitne laken og dukar til bandasje. Damask til bandasje som vart halden på plass med brukte nylonstrømper!

Følte du det ikkje urettferdig å få kreft etter 12 år ute på Madagaskar?
Eg har aldri vore sint på Gud og har heldigvis sloppe å vere bitter. Men eg spør jo korfor skulle dette ramme meg. Og eg har opplevd at Gud kan bruke meg på ein annan måte no. Mange stiller spørsmål til meg fordi eg har vore misjonær, og det gir invitt til mange gode samtalar.

Velsigning

Eg merkar Guds velsigning og omsorg i det daglege. Det er mange som bed for meg! Det merka vi også på Madagaskar, forresten. Vi merka det når kristenfolket i Norge tok sommarferie! Eg har reist mykje i Trøndelag og Møre og fått mange forbedarar. Eg er boren oppe av hender som ber.
Og er har også brevkontakt med mange venner på Madagaskar.

Takk

Det er også naturleg for meg å takke. Eg takkar for kristen heim som pensa meg inn på Madagaskarvegen. Eg opplever framleis velsigninga kvar dag. Eg lagar middag til meg og søstera mi, Solveig, kvar dag. Etter kreftdiagnosen set eg meir pris på dagen i dag. Eg utset ikkje lenger noko som eg har lyst på. For eksempel å ta ein biltur eller ein bedre middag. Eg er meir opptatt av å nyte kvardagsgledene ved livet. Vi reiste til Tromsø når vi fekk lyst til det. Eg prøver å gjere det beste ut av dagen, og tar ein dag om gongen og takkar for det. Midt oppe i det heile har eg det bra, avsluttar Gunn-Åse Stenset og helsar til alle kjente, og takkar for all forbønn.

Birger Foseide

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

www.orkdalsmenighetene.no

Redaktør, design og layout:
Sokneprest Pål Ove Lilleberg  
Mail