150 år med misjon i Orkdal!
3. november 2006
Vi feirar i Stokkhaugen bedehus
fredag 10. november kl. 19.00
At Orkdal er ei bygd med stor interesse og sterkt engasjement for
misjon, det er vide kjent. Det er mange misjonærar som er utreist
herifrå, og det blir halde mange møte med misjon som tema den dag i dag.
Og i november har vi kvart år ei julemesse som totalt gir over 200 000
kroner til Misjonssambandets arbeid.
Den første misjonsforeninga starta for 150 år sia! Den 8. juni 1856
samlast det mange menn frå heile bygda på garden Stokkan og stifta
Ørkedals Missionsforening. Eigentleg starta det heile med eit møte i
prestegarden 3. juli i 1847 der 14 ”bønder og skoleholdere” møttest, men
dette skal vi feire 160-årsminne for neste år! Protokollen frå 1857 har
eg oppbevart her i prestegarden. Formålet var å medverke til
kristendommens fremme og utbredelse til alle folkeslag. Det vart lese om
misjonsarbeidet i Sør-Afrika, og det vart lagt gåver i misjonsbøssa. Det
var song og bønn på alle møte. Planen var å halde misjonsmøte i alle
grendene i bygda.
Interessant er det at denne foreninga også hadde møte for israelsmisjon
frå 1867 og for santalmisjon frå 1884 og omkring hundreårsskiftet var
det også støtte til misjon mellom sjøfolk og ”lappemisjon” dvs
sjømannsmisjon og samemisjon.
Ordførar i det første styret var prost Bull, ellers finn vi desse namna
blant stiftarane: Thomas Johnsen, M. Sivertsen, A. Hagen, Erik S.
Sølberg, Paul Vinterdal, John Quikne, Erik S. Solhus. Det var berre menn
som deltok til å begynne med, men Grøtte kvinneforening vart starta i
1862 .
Den årlege inntekta til misjonsarbeidet vatr 30 kroner det første året,
men steig til 3000 kroner 50 år etterpå. Ved jubileet i 1906 blir det
nemnt at det var gitt 50 000 kroner til misjonen frå denne foreninga på
50 år. A. Vormdal avsluttar 50-årsmeldinga slik i 1906:
I det lange tidsrum har foreningen været forskaanet for oprivende splid
og strid. Prester og lægfolk har arbeidet sammen i broderlig
fortrolighed og endrægtighed. Den i de senere aar indtrængte splid som
der klages over fra mange kanter af vaart land har ikke faaet indpas
her. Maatte det gode forhold, som hidtil har hersked mellom lækfolk og
prester her i menigheden alltid vedblive til glæde og velsignelse for
alle.”
Ved 70-årsjubileet i 1926 er det lærarinne Anne Muhle som skriv
jubileumsmeldinga. No har kvinnene tatt over. ”Et mindre gledelig faktum
er det, at mens kvinnene fremdeles holder sine møter i gang, har mennene
sluttet sine; tilbake er kun årsmøtet med bøssetømming. Gud gi sin Ånd i
rikt mål over Orkdal misjonsforening!”
Ved 90-årsjubileet i 1946 kommenterer Anne Muhle den vanskelege tida
under krigen. Misjonsforeningane samla inn pengar til misjonen i smug.
Det var aldri på tale å slutte. ” … folkeferd bruste, riker rokkedes,
kun Herrens trofaste ord og løfter er de samme. Det viser seg alltid på
nytt at lydighet mot Gud bringer velsigning med seg, men tross og
ulydighet drager forbandelser og ulykke ned over synderen.”
Vi vil feire 150 år med misjon i Orkdal med ein stor misjonsfest i
Stokkhaugen bedehus. Det blir song og musikk og servering, og det blir
innslag frå misjonærar frå Misjonssambandet og Misjonsselskapet som bur
i Orkdal. Oddbjørn Stjern og andre orkdalsprestar deltar. Alle er
velkomne!
Birger Foseide
|

Stokkhaugen bedehus
|