velkomnmen til kjell andersen
20. juli 2004
Ola Garli har fått eitt års permisjon for å vikariere i
prestestilling i Rissa, og Kjell Andersen blir prostiprest i Orkdal
prosti fram til neste sommar.. Han begynte i stillinga i juli, og
har allereide gjort presteteneste i Meldal, Agdenes, Frøya og
Orkdal!
Kva har du gjort tidlegare i livet ditt?
Eg har hatt heile mi presteteneste i Trøndelag, men er eigentleg
oslogut.. Før eg studerte teologi, utdanna eg meg som teiknar og
retusjør hos Fabritius, og hadde forskjellige kyrkjelege stillingar
som ungdomssekretær, tilsett hos Kirkevergen i Oslo og klokkar i
Barbu menighet i Arendal. Eg vart ordinert til prest 16. desember
1984.
Kvar i Trøndelag har du vore prest?
Etter nokre år i Bjugn som kapellan var eg sokneprest i Verran i
mange år.
Kva med familien din – flyttar du til Orkdal?
Eg har to vaksne barn som bur i Trondheim – og ventar å bli bestefar
i haust! Kona mi døydde brått og uventa i Verran , så eg vart
enkemann i 2001. No er eg gift med Mona Kristine som er adjunkt i
ungdomsskulen i Arendal. Som 60-åring begynner eg som pendlar
Arendal – Orkdal! Eg bur i Geitastrand menighetshus når eg er i
Orkdal.
Kva tankar har du for dette året?
Eg gleder meg til arbeidet, og trivst godt som prest . Eg likar å
vere saman både med unge og eldre. Som prostiprest kjem eg til å
reise mykje, men gleder meg over å høre til her på Geitastranda og
ha ansvar for konfirmantane og menighetsrådet og menighetsarbeidet
her.
Det er også fint å komme til Orkdal prosti fordi eg kjenner
medarbeidarane her etter eit lengre vikariat på Hitra i fjor.
Velkommen til samarbeid og Guds signing over tenesta!
Birger Foseide |