|
|
møte med leif ofstad |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
heller dikt enn tale11. februar 2004 Leif Ofstad er født og oppvokst på Geitastranda. Han har vore lærar på Ofstad skule og organist i kyrkja. 20. mars går han inn i sitt 90. år. Litt skral til beins er han, men skriv enno. Vi møter Leif Ofstad og kona Olaug heime på Lade. - Eg skjønar ikkje at du tek turen heilt frå Fannrem til byen berre for å skrive om meg, seier Leif, som alltid har vore sjenert. Han vil helst ikkje ha merksemd, men innrømmer at det er bra at folk får vite om den nye boka. Leif Ofstad har skrive mange songar, prologar og dikt til ulike festar og bursdagar gjennom alle år. - For eg har alltid vore så nervøs dersom eg måtte halda tale. Eg skreiv heller ein song som alle kunne vera med på, og slik utvikla eg evnene mine, seier han. Natur og kjærleikssorgTre diktbøker har det kome frå han. Den første kom i 1978 og heiter ”En salighet å vinne”, den andre var ”Gå i glede” frå 1980 og no kom det altså ei til i fjor. Fleire komponistar har synt interesse for tekstane til Leif Ofstad, og songane vert sunge av kor rundt i heile landet. Folk trur kanskje at det er religiøse dikt denne gongen òg, men "Ljos i skuggefallet", som boka heiter, femner vidare, seier forfattaren. Boka er fri i formen utan dikt på rim. Og etter det vi har lese er her tema frå heile menneskelivet; både natur og kjærleik, barndom og ungdom. Leif er født 20. mars 1915 på garden Ofstad og voks opp som nummer seks i en søskenflokk som talde ni ungar. Då han var 10 år gamal døyde mora; eit sårt minne som har fylgt han i alle år. Men far var verdas snillaste far og vi var mange på
garden som hadde omsorg for kvarandre, fortel han.
... det var berre i draumane Første salmenLeif var mykje sjuk i barne- og ungdomsåra. Og lysten til å lese og skrive kom tidleg. Han smiler når han fortel om første salmen sin: - Eg var 11 år og inspirert av emissærane som kom og gjekk heime den gongen midt på 1920-talet. Salmen byrja slik: ”O Jesus, du barmhjertelig ...” er det noko som heiter ”barmhjertelig”, ler han og medgir at resten av salmen har han gløymt. Men han hugsar at faren ein dag kom heim med fem eksemplar av Landstads reviderte salmebok som kom ut i 1926, så det var mykje glede og salmesong i heimen. Ikkje til GjølmeI 1937starta han på lærarskulen i Tromsø. Første lærarstillinga fekk han på framhaldsskulen på Overhalla i Namdalen, men han vart sjuk og måtte slutte. Etter nokre år fekk han ta til med lærargjerninga att og hadde lærarpost på forskjellige stader rundt Trondheimsfjorden. I 1951 kom han til Ofstad skule der han var i seks år. I denne tida var han òg organist og gjorde tenester både ved gudsteneste og gravferd. Han tok dessutan eit år vidareutdanning i musikk ved Trondheim musikkskule. Det vart så bestemt at Ofstad skule skulle leggjast ned. Leif ville ikkje vera med til Gjølme, så han søkte seg til Lilleby skule i Trondheim. Seinare brente dei det gamle skulehuset på Stranda, det skjønar eg ikkje at dei gjorde, seier han alvorleg. I 1953 traff han Olaug Rosvoll frå Verdal, som òg er lærar, på Trøndsk lærarstemne og dei gifta seg i Nidarosdomen i 1957. Dei fekk to jenter og tre barnebarn. I skrivande stund ventar dei sitt andre oldebarn. Etter at Leif slutta på Ofstad var han på Lilleby til han vart pensjonist i 1982. Prest som ikkje kan tale- Eg les mykje. Når eg er på biblioteket tek eg alltid med meg tre-fire lyrikkbøker heim, til dømes Tor Jonsson, Olav H. Hauge, Ove Røssbakk og Rolf Jacobsen. - Eg har på ein måte sett på meg sjølv som ein prest som ikkje kan tale. Bodskapen har eg felles med presten: Gud har ein evig kjærleik til mennesket. Tilgjevinga er det aller første og det største. Det vil eg så gjerne ha fram. VårenMen i boka som kom ut i fjor er det almene tema han
skriv om. Ein kritikar skriv om diktsamlinga at ”det er reint utruleg
kor ungt og varmt forfattaren tenkjer og reflekterer, med sine mange år.
Og kor gløgt og råkande han skildrar dei ulike livstilhøve frå si
barndoms og ungdoms tid.” (Fridtjof Sørebø).
Eg har helsa på (Leif Ofstad: ”Ljos i skuggefallet. Dikt. Fonna Forlag LL, Oslo 2003)
|
Leif Ofstad
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||