Ludvig Aasen ordinert til prest.
16. juni 2003
Det var stor kyrkjefest i Moe kirke på søndag da biskop Finn Wagle
ordinerte cand. theol, Ludvig Aasen til prestetjeneste i Den norske
kyrkja. Kyrkja var fullsett, og det var fulltonande salmesong og korsong
både frå ungdomskoret Join Us og frå Orkland mannskor.
Det vart opplyst om at dette var siste gongen ungdomskoret song med
Orkangerjenta Ellen Jorunn Bergem som dirigent.
Biskopen nemnde i talen sin til Ludvig Aasen at han hadde ønska å bli
ordinert i si barndoms kyrkje og i den bygda som han hadde vokse opp i.
Her hadde han møtt omsorg og fellesskap og her har han gjort sine
livserfaringar. I miljøet omkring misjonshuset og kyrkja hadde han også
møtt kallet til å bli prest. No skal du gå inn i ei presteteneste i
kyrkja vår der du i alle situasjonar skal invitere folk til å komme for
å høre evangeliet, sa biskopen m.a.
Ludvig Aasen preika sjølv i gudstenesta, og det var liten nervøsitet å
spore da han stod på preikestolen og tala til sambygdingane sine.
Leiaren i Orkland menighetsråd, Einar Kristiansen, sa på kyrkjekaffien
at han var imponert over så klar og tydeleg framføring av ein god tale
over ei krevande tekst som handla om Jesu samtale med rådsherren
Nikodemus.
Under kyrkjekaffien på Misjonshuset var det helsingar frå
Menighetsfakultetet der Ludvig Aasen har si utdanning frå, og frå
Feltprestkorpset. For frå hausten av skal han avtene si verneplikt som
feltprest i luftforsvaret ved Bodø flystasjon.
Inger Marit Fagerli, Elin Hestnes Dahl og Kirsti Kristiansen mintes
Ludvig Aasen med minner frå ein nysgjerrig og lærevillig barndom.
Gutungen song også i familiekoret Famklang, og alle som var med i
familiemusikken den gongen saman med heile familien Aasen stilte opp og
song eit par songar.
Birger Foseide |

F.v. : Prost i Orkdal, Birger Foseide,
prost og pappa Bertel Aasen, nyordinert prest Ludvig Aasen og biskop
Finn Wagle.
Bilder




Se også bildene som onkel til Ludvig, har lagt ut på nettet.
|