|
|
JULEHILSEN |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
FRA julia hatlebrekke9. desember 2004 Kjære vyrde Orkdalingar Jula 2003 Året hallar, klokka kallar!! ~ Ja i dobbel forstand kan eg i sanning seie: Året hallar enno eingong til eit nytt år!! No er det på tide som eg ofte har tenkt, å sende ei helsing til kjære vener i Orkdal!! ~ Men så er det med meg som med ”Peer Gynt”: ”Tenke det, - sie det, - mene det med, - men gjøre det?” Det vert ofte utsett diverre!! Kor tida flyg avstad!! Men her kjem eg på penehanda for å ynskje dykk alle ei retteleg god og signa julehelg med fred frå det høge!!!! ”Fred, det er eit fagert ord, full av ljos og lukka”, står det i ein gamal salme. Tankane går, og har ofte gått, attende til den store vyrde prestegarden på Fannrem, med sine nesten 40 vindu å henge gardiner for!! Prestegarden på Fannrem er gamal med historisk sus!! Det føltest verdigt å få bebo ein slik heim!! Så romsleg som vi hadde det, vilde presten at vi kvar haust skulde lage til ein ”festdag” for ”dei gamle i kyrkjelyden”!! Det gjorde vi alltid i Børsa, då vi var prestefolk der. ~ Presten baud inn til ”Festgudsteneste” – alle som var 70 år og over det, og til hyggeleg samver i prestegarden etterpå!! Spør om det var kjekt å sjå alle desse gamle heidersmenneska, som samla seg medan kyrkjeklokka kima, og flagget i topp i prestegarden! Midt oppe i alt dette kom ”mannskoret marsjerande” og sang for dei gamle!! ~ Gartnarane sende store baljar med blomar, gratis – til pynt i kyrkja og i prestegarden!! ~ Damene som kom og hjelpte meg – frå ”Kyrkjeforeininga” – og frå ”Saniteten” hadde med dukar! Stolar og bord lånte vi i Fagertun. Koppar og kjelar lånte vi av ”Saniteten” og av ”Husmorlaget”. Ho Olava Aunemo var den årvisse kaffikokken som var så flink! Kona til forpaktaren kom med eit heilt fang julebrød!! Berre leit at vi ikkje hadde ein fototgraf å taka bilde av alle desse heiderlege gamle orkdalingane!! Ein slik dag fekk mange møtast som sjeldan såg kvarandre! Og spør om praten gjekk! Vi sang saman og praten gjekk – ein og annan hadde ordet og!! Hugsar ein gong at ho Olava Aunemo sa eingong at det var brukt over 190 koppar , men det varierte sjølsagt, år om anna. Men triveleg og festleg var det på desse årlege ”Eldredagane”!! ~ Alt dette kunne vi ikkje klart om det ikkje var alle som var tenestevillige og med glede hjelpte til! Tenk på alle sjåførane som henta og bringa alle desse gamle!! Anders Hovden sa eingong: ”Det gode du gjer for dei gamle – og det byggjande du gjer for dei unge, skal du få møta att i himmelen”!!
Så mange gamle så einslege er, når det kveldar Som de alle veit er det 6 år sidan Hatlebrekke ”la ned vandringsstaven”! Han var ein heidersmann som vilde det beste, både for unge og gamle!! Han har eg kjent sidan vi gjekk for presten ilag! Den storfelde gåva vi fekk av orkdalingane då vi flytta attende til Vestlandet, er oss uendeleg kjær!! Eit handskore Orkdalskap, skore av kunstnaren Birger Kvåle, og to handskorne stolar skorne av kunstnaren Anders Dørdal. Vi er uendeleg glad i, og kry av desse kunstskattane!! Dotter vår vaks opp i Orkdal, og vart konfirmert i Fannrem kyrkje, ho lerde seg til sjukepleiar, og vart gift med ein arkitekt frå Gudbrandsdalen. Dei veit å verdsetja den dyrebare gåva vi fekk av Orkdalingane!! Skapet skal dei overta etter mine dagar, og dei fine stolane med handsydd trekk har eg bestemt skal tilfalle kyrkja på Fannrem, og dei skal plaserast ved preikestolen!! Varm takk for alt av godt!! Til slutt vil eg ynskje alle ei signa julehelg med fred og signing millom menneska! Alt godt for den ukjende framtida vi har framfor oss! Har så lyst til å sende dykk alle eit vers frå Nordfjordsongen med litt omskriving: Gud
signe då Orkdal fra heid og til hav, Jula 2003
|
Julie og Jostein Hatlebrekke |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||