ORKDAL KIRKE
Hovedside
Trekyrkja
Gammelkyrkja
Nykyrkja
Klokka
Altertavla
Preikestolen
Døypefonten
Orgelet
Presteportrett
Biledalbum
HOVEDSIDER
Kirkekontoret
Arrangement
Livets gang

Størst av alt

Hus
Andre
Gjestebok
Startsiden
 

Orkdal kirke

Trekyrkja frå 1100-talet

Både Håkon den gode, Olav Trygvason og Olav den heilage møtte motstand da dei ville innføre kristentrua i Trøndelag for 1000 år sia. Slik var det også i Orkdal. Men da bondehæren fylka seg mot kongshæren på garden Grøtte i år 1016 kom det til forhandlingar som enda med at orkdalingane gav seg inn under rikskongen og godtok Kvitekrist som sin åndelege leiar - iallfall i det ytre.

Ein reknar med at det vart reist ei trekyrkje på Grøtte etter dette. Dette var einaste kyrkja mellom Oppdal i sør og Trondheim i nord. Ei av kyrkjeklokkene som framleis er i bruk er frå 1100-talet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bautasteinen

Denne bautasteinen kom for ein dag da dei reiv "Ørkjerka" i 1890.

Opp til ca. 1650/1660, da sideskipet vart bygt, har bautaen truleg stått på kjerkebakken, men byg-ningsfolka må ha sett seg monn i steinen som bygge-tilfang og lagt han inn i muren.

www.orkdalsmenighetene.no

Redaktør, design og layout:
Sokneprest Pål Ove Lilleberg  
Mail