ORKDAL KIRKE
Hovedside
Trekyrkja
Gammelkyrkja
Nykyrkja
Klokka
Altertavla
Preikestolen
Døypefonten
Orgelet
Presteportrett
Biledalbum
HOVEDSIDER
Kirkekontoret
Arrangement
Livets gang

Størst av alt

Hus
Andre
Gjestebok
Startsiden
 

Orkdal kirke

Mellomalderkyrkja

Kleberstein

På 1200-talet vart det bygd ei kyrkje i kleberstein istadenfor trekyrkja. Kyrkja var solid bygd. Veggane hadde dobbel mur. Mellomrommet var fylt av stein lagt i kalk og mørtel.

Koret

Koret låg eit par steg høgre enn skipet og var skilt frå skipet med ein korvegg med ein smal korboge ut mot skipet. På kvar side av koropningen var det to alter til i kjerka - plasserte i spissboga alternisjar vende mot skipet.

Ørkjerka

Ca. 1650 vart denne påbygd på nordsida for å gje plass til folk frå Orkanger. ”Ørkjerka” vart påbygget kalla. Der var det frie plassar i motsetning til dei faste gardsplassane i hovudskipet.

Inventar

Mellomalderkyrkja hadde mykje fint inventar. Altertavla og preikestolen er oppbevarte ved Vitenskapsmuseet i Trondheim. Nattverdkalken og disken frå 1614, oblateska frå 1761 og to lysestakar er framleis i bruk. Den gamle kyrkjeklokka og døypefatet gjer også teneste framleis.

Kronologi

1220 Steinkjerka reises

1625 Koropningen vart utvida

1635/40 Kjerka får altertavle

1649 Preiekestol

1650 Eit sideskip reises på nordveggen
       Det fekk namnet Ørkjerka

1657 Kjerka vart "kalkslått"
       Benker blir laga

       Vindauge vert gjort større.

1725 Kongen sel kjerka

1790 Bøndene kjøper kjerka attende

1837 Heradstyret fekk ansvaret
       for kjerka

 

 

Dørportalen
frå prestesakristiet


Nidaros-portalen

Portalen kring døra frå prestesakristiet og inn i koret i kyrkja er vakker og historisk interessant. Opphavleg stod denne portalen i mellom-alderkyrkja frå 1200-talet og tente der som presteinngang lengst aust på sørveggen.

Dette er ein romansk- normannisk klebersteinsportal med rundsøyler med band-flettingar og palmettbord. Både i bogen og på sidene er det listverk med rundstav og ei rad halvkuler. Portalen er av same slaget som i Nidarosdomen, og er truleg laga av handverkarar derifrå.

www.orkdalsmenighetene.no

Redaktør, design og layout:
Sokneprest Pål Ove Lilleberg  
Mail