altertavla
i gammelkyrkja
Kunsthistorikarna rekna denne tavla fra
1600-talet for eit mesterverk i barokk treskjerarkunst. Ramma har
skulpturar som viser dei 4 evangelistane, dertil Adam og Eva, og på
toppen Moses og Johannes. Og ramma har elles mykje barokk ornametikk.
Kunstnaren er ikkje kjent.
I 1890-åra gjorde Heradstyret vedtak om å
overlate altertavla til Norden-fjeldska Kunstindustrimuseum.
i nykyrkja
Altertavla i nykjerka er ei gåve fra Herman Fridtjof
Levanger og kona Syrene Marie Barbara f. Rahn.
Alt før han slo seg ned i Chritiania i 1890-åra hadde
han sendt Orkdal heradstyre eit gavebrev på ei alter-tavle til kjerka -
ein kopi av Tidemands berømte altertavle i Bragenes kjerka i Drammen med ramme og
alterbord.
Motiv er Jesu oppstode.
Bergstrøm teikna ramma og alter-bordet, og byggmeister
Kunig laga dei i verkstaden sin i Trondheim.
|