Utsmykkingen
Ingrid Kjær
Det er Ingrid Kjær som har tatt ut fargane
både på interiøret og eksteriøret, og ho har utføtt all dekorativ
utsmykking av kapellet. Ingrid Kiær var dotter til den store norske
målaren Fritz Thaulow.
Utsmykket Ranheim kirke
Trass i at ho hadde vakse opp i eit fritt
kurtstnarmiljø, hadde religionen alltid spela ei stor rolle for henne.
Da Ranheim kyrkje brann ned i 1931, vakna kunstnarnamren i henne, og ho
laga altertavle og dekorasjonar for den ny kyrkja.
Utsmykkinga av kapellet
Ho svara villig ja til å to på seg den
kunstnariske utsmykkinga av kapellet på Orkanger, det gjaldt både
kyrkjerommet og romma i kjellaren. (Ingrid Kiær budde på Løkken frå
1938.)
I fondveggen måla ho "den gode hyrde" med
lamma kring seg. Ho nytta eit Orkdals-landskap som bakgrunn for bildet.
Ved sida av tavla måla ho dei fire evangelistane og korset med
Kristusmonogram på kvar side.
I takkvelvet ser ein stjemebildet
sørkorset. Engelen over kyrkjeporten er ein
nøyaktig kopi av ein engel ho laga for Ranheim kyrkje.
All målinga Ingrid Kjær utførte i kapellet, er halden mest mogleg i
norske bondefargar. I kjellaren nytta ho lyse fargar i himmelblått og
gull.
Ingrid Kiær rosa pastor Olav Olsen for den
gode hjelpa han gav henne i arbeidet med utsmykkinga.
Treskjærerarbeidet
Treskjærerarbeidet, skipet i taket,
søylene i koret, lysekronene, … er utført av Asbjørn Gangås.
|